У нас вы можете посмотреть бесплатно Kornet – frå overskott til kollaps или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
KORNET: Frå 1834 til 1841 var det sju uår på rad. Folk spedde på maten med mose og bork, lav frå fjellsteinar, heimule og bein. Svoltne og elendig kledde fattigfolk gjekk gardimellom og tagg om å få mat. Kornmagasina i Lesja og Dovre var til hjelp, men i 1840 var dei tomme. Kornet var den viktigaste matvara som vart dyrka på Lesja, for det kunne lagrast lenge og brukast til mykje forskjellig mat. Bygdefolket måtte vera mest mogleg sjølvberga. Pengar hadde dei nesten ikkje. Kornavlinga var avgjerande for om dei hadde nok mat gjennom vinteren. Men i Lesja-bygda, som ligg høgt over havet, fraus kornet ofte. Nokre somrar var det som ei iskald hand strauk over bygda, og kornaksa stod tomme att. Når kornet fraus, vart det uår. Frå 2003 til 2023 hadde ikkje Noreg beredskapslager for korn. Kornsiloen på Frya, beredskapssilo for Gudbrandsdalen, vart i 2023 sprengd og jamna med jorda. Fram mot 2029 skal det byggast opp att beredskapslager tilsvarande forbruk i tre månader. Kva om uro og kriser rammar oss på nytt? Ide/eigar: Gudbrandsdalsmusea Tekst: Guri Sørumgård Botheim Film: Jørn Ranum Medverkande: Sofia Bang Elm og borna Alfred og Yngve