У нас вы можете посмотреть бесплатно Seid-seansen i Soga om Eirik Raude. Ein rekonstruksjon ved Eldar Heide. Bryggens museum 25.9.2023 или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Dette føredraget er ein kommentert rekonstruksjon av seid-seansen i Soga om Eirik Raude (Eiríks saga rauða), som er den fyldigaste skildringa vi har av den norrøne trolldomsforma seid (seiðr). Målet med seid var oftast å dra til seg ressursar, men ofte var det å få kjennskap til framtida. Slik er det i Eirikssoga: Ei tilkalla volve fortel korleis livberginga blir det komande året, og spår livet til kvar av dei frammøtte. Ho har på seg ei spesiell drakt og får ei ung kvinne til å synge ein viss song som lokkar til seg åndene som gjev kunnskapen om framtida. Songen blir kalla varðlok(k)ur. I handa har ho ein metallstav som kan ha vore ein rituell spinnereiskap. Volvedrakta, songen og metallstaven vart rekonstruerte til føredraget av Bjørgvin handverkslag, med økonomisk støtte frå Høgskulen på Vestlandet. Rekonstruksjonen baserer seg på ei tolking sett fram av Eldar Heide i doktoravhandlinga hans. Opplysningane vi har om seid blir presenterte i føredraget, saman med denne og andre tolkingar av kva seid gjekk ut på. Anne Murstad syng den tenkte kulokken. Filming ved @medielabhvl366. Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Doktor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen 2006. Heide har forska breitt innanfor eldre nordisk kulturhistorie og nordisk språk og driv podkasten Tru og meining i gammal tid, https://pod.link/1635409693. #Eiríkssagarauða #eirikssoga #erikssaga #seid #seiðr #sorcery #oldnorse #divination