У нас вы можете посмотреть бесплатно Noreg i dans og spel: 8. Akershus - Høland или скачать в максимальном доступном качестве, которое было загружено на ютуб. Для скачивания выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса savevideohd.ru
8. Akershus - Høland Opptak frå dokumentasjon i Aurskog Høland 1987. Håkon Engh og Else Engh dansar springdans. Johan Bernhus spelar torader og Alf Hafsteen gitar. Slått: Snurringen. Om dansen Vi fann ikkje noko opptak av kappleiksdans frå Akershus, og har difor tatt med eit vanleg dokumentasjonsopptak frå ein av Norsk senter for folkemusikk og folkedans sine innsamlingsturar i fylket der Egil Bakka samarbeidde med Dag Vårdal og ein del lokale hjelparar. Her har vi med hjelp frå lokale kjentfolk fått saman folk som likar å dansa og har dansa mykje på vanlege festar. Else og Håkon Engh frå Høland dansar her det dei kallar springdans. Dei held same taket gjennom heile dansen, og dansen har såleis berre samdansdel. Samdansdelen har to motiv. Gut og jente dansar sidevis i danseretningen og eitaktssnu medsols. Ein annan dansar som var med under filminga, fortalde at somme dansa dansen med snuing under armen i tillegg, altså eit moment av ein vendingsdel. Danseforma ligg nær det som i andre bygder er kalla masurka og høyrer til det yngste laget av bygdedansen som er typisk for flatbygdene på Austlandet. Takta er symmetrisk i denne forma, men det finst opptak med gammalt spel frå fylket som har asymmetrisk preg, og som venteleg har vore brukt til eldre former av springdans som er blitt borte på flatbygdene, men som finst i skog- og fjellbygdene. Om musikken Musikarane spelar ein typisk masurka/springdansmelodi, musikkmateriale som ligg i grenselandet mellom bygdedans og runddans. Dette er einaste døme i videoen på samspel mellom torader og gitar. Alf Hafsteen slår alle tre taktslaga med tommelen, litt ulikt det ein gjer i vanlege moderne gammaldansorkester. Der slår gjerne gitaristen akkorden på 2. og 3. taktslaget med fingrar eller plekter. Vi har såleis her døme på ei litt eldre, tradisjonell samspelform som det finst lite av i folkemusikkarkiva fordi dei fleste samlarane såg ho som for moderne.