У нас вы можете посмотреть бесплатно Visa om Gulatingferdi frå Eksingedal til Gulatinget på Guløy i Gulen или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Denna visa er gamal og kjernen i visa går attende til 900-talet då Gulatinget vart oppretta, sidan den tid har visa vorte sungen og pynta på opp gjennom tida. Det var Lars Eskeland som dokumenterte visa og har samla og skrive om Gulatinget på Guløy og Gultingvisa i boka "På Klårfjell" https://www.nb.no/items/1534d819d0123... Den gamle tonen har eg prøvd å læra men den var vanskeleg, så eg har laga min eigen tone og vonar det ikkje øydelegg for den gaamle tonen. Eg brukar ikkje alle versa i visa, men har brukt dei versa som Jan Kidøy har på nettstaden sin Gulatingstaden.no https://gulatingstaden.no/gulatingsta... der det m.a. står å lesa: Ved Fljålistrendom dei sit i lag Stora-Marjo (1797-1868) var frå Lavik i Eksingedalen. Ho kunne mange viser og segner og var flink å fortelje. I ein bånsull etter henne nemnest Fjolid som tingstad, noko som vitnar om ein levande tradisjon i lokalmiljøet. Visa stod på trykk i boka «På Klårfjell» som Lars Eskeland gav ut i 1938. Gjengitt under er dei første ni strofene, av totalt 17. Me gyra øykjom med salen blå, med salen blå og løysa ferdi i otta grå. Syng bjødnafell, syng fonn, syng fjell! Til Gulatingje me vilja fram, me vilja fram, med nistebumba og bjødnaham. Syng himlar blå, syng stjernor små! Me fara dalar, me fara fjell, me fara fenner og blanke svedl. Syng måne bli, syng ljos i li! Fyrr solarfell lyt me vinna fram, me vinna fram, om Langeleite til Hestakvam. Syng notti sval, syng Storedal! Me kvila notti med hugen heil, med hugen heil, men neste gongen ve Krossangjeil. Syng bjødnaham, syng færi fram! Ved solfallsbilom på tredjandag, på tredjandag, ved Fljålistrendom dei sit i lag. Syng ljosan kveld, syng fjor, syng fjell. Når bu er fjelga og klæe bytt, og klæe bytt, dei mydlo kjenningar fertta nytt. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell! På gamle heilage Gulating, på Gulating, dar sit han gofar i rett og ring. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell! Og når han Bjarne vert sterk og stor, vert sterk og stor, då fær han fylgja med far og mor. Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!