У нас вы можете посмотреть бесплатно Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 5: Kvinnfolk og landstrykarar или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Ei kvinne og eit kvinnfolk eller kvinnemenneske var ikkje det same for 300, 400 år sidan. Ei kvinne var ein del av samfunnet gjennom sin far, ektemann eller barn født i ekteskap. Eit kvinnfolk eller eit kvinnemenneske var til dels støytt ut av samfunnet, og hadde verken sosialt eller juridisk dei same rettane som ei kvinne. Slike kvinnfolk eller kvinnemenneske var dei som fekk barn utanfor ekteskap, som stal eller tok sitt eige liv. Då vart dei lause, som vil seia lausrivne frå samfunnet, og dermed i same kategori som lausgjengarar. Men dei var likevel i ei langt verre stilling, fordi lause kvinnfolk eller kvinnemenneske levde livet mellom dei med tilknyting til samfunnet. Lausgjengarane reiste derimot rundt og tok seg lausarbeid som flåing av daude dyr, kjeleflikking, skjering av hestehovar og skreddararbeid. Slik mangla lausgjengarane tryggleiksnettverka til dei fastbuande, samstundes som dei var frie konvensjonar og moralske påbod. Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet var difor slett ikkje det same for alle, men avhengig av din sosiale status.