У нас вы можете посмотреть бесплатно Ingrid Bjørnov snakkespeler Spynorsk. The Musical. | Det Norske Teatret или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Bli med inn i hovudet til musikar og komponist Ingrid Bjørnov, når ho speler og snakkar seg igjennom (delar av) musikken til framsyninga Spynorsk. The Musical. Kva er lyden av kløyvd infinitiv? Korleis skrive ein kjærleiksballade om tjukk L? Kva har gladpønk og Hovdebygda til felles? Vel, det veit Ingrid Bjørnov! Ho er kjent frå popduoen Dollie de Luxe og for sine humoristiske soloshow. Men Bjørnov har også skrive musikken til fleire musikalar. Saman med Are Kalvø har ho laga Halve Kongeriket. Norsk politikk - the musical (2015) og Spynorsk. The Musical. (2024) for Det Norske Teatret. I denne Pianoinnsikten har Ingrid Bjørnov med seg musikksjefen på Det Norske Teatret, Svenn Erik Kristoffersen. Under Spynorsk. The Musical. er han kapellmeister, og nede i orkestergrava trakterer han både elpiano, synth og pumpeorgel, samstundes som han dirigerer. Det er Kristoffersen som har arrangert musikken Bjørnov har komponert. Du møter også regissør Ivar Tindberg, som snakkar med Bjørnov om kva for komponentar ein god musikal må ha. Det er duka for førsnakk med dobbelt klaviatur og musikalnerding på høgt nivå.