У нас вы можете посмотреть бесплатно Reinlender i G-dur, etter Halvard Ørsal или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Reinlender i G-dur, etter Halvard Ørsal Arr: Knut Olav Skrove Frå utgivinga «Sommernatten» av Spelemannslaget Dåm og Drag, 1993. Informasjon frå heftet: «Tradisjonsmusikk frå Romsdal, Nordmøre og Sunnmøre med Spelemannslaget Dåm og Drag Spelemannslaget Dåm og Drag vart offisielt skipa 15. april 1991. Medlemmane kjem hovudsakleg i frå Vestnes kommune, men og frå Rauma, Ørskog og Ålesund. Laget har 27 aktive medlemmer alder er fra 12-78 år. Kjønnsfordelinga er noko i overkant av jenter og over halve laget er under 20 år. Det er flest som spelar fele, men det er med både trekkspel, klarinett, bass og gitar. Laget har til formål å arbeide for å fremje interessa for folkemusikk i distriktet og nærmiljøet. Laget skal styrke og ta vare på dei lokale folkemusikktradisjonar. Spelemannslaget Dåm og Drag kan stille med tre forskjellige lag. Seniorlag med komp. Seniorfelelag og eit juiniorfelelag. Olav P. Hjelvik har vore musikalsk leiar. Han er den som har æra av at laget vart til. Han har undervist nesten alle som speler fele i Dåm og Drag. Først i musikkskulen og sidan i Dåm og Drag. Frå han har dei unge fått interessa for tradisjonsmusikk. Første felespelaren vi kjenner til her i distriktet var i frå Tresfjord og heitte Jo Lasseson Kjersem fødd 1777. Fram til mitten av forrige århundre var det springar og halling som vart mest spela. Fram mot århundreskiftet kom militærmusikarane. Mange frå Tresfjord distriktet var på Setnesmoen og fekk særs god opplæring i notar og teknikk. Opplæringa på Setnesmoen var den beste i landet (heitest det). Dette fekk positiv innverknad på folke- og gammeldansmusikken. No kom rytmer som reinlender, masurka, polka og vals. Fleire av desse gode spelemennene spela klarinett, og der må nevnast Nils Kjøpstad. Hans spela mykje til dans og underhaldning ilag med fele. Klarinetten har soleis fått ein viktig plass i folke- gamaldansmusikken her i distriktet. Denne arve fører vi vidare i Spelemannslaget Dåm og Drag. Det er med to som speler klarinett og fleire er under opplæring. Vi har eit godt samarbeid med Vestnes musikkskule der dei unge får god grunnopplæring. Rekrutteringa til laget er god. Dåm og Drag har eit usedvanlig godt samarbeid med andre lag og organisasjonar i Vestnes. Eit tein på det kan nemnast at laget fekk Sparebanken Møre sin kulturpris i 1991. På kassetten/CD er nytta mykje musikke frå distriktet her, men det er og slåtter laga av laget sine unge medlemmer. Dei har brukt den gamle stilen og tradisjonen. Det viser at interessa i opplæring i tradisjon er god. Dåm og Drag vil med denne samlinga (kassetten/CD) vise noko av det mangfald vi har av folkemusikk- gamaldags i distriktet. Tresfjord 9. mai 1993 - Spelemannslaget Dåm og Drag, Torunn Vestre Kjersem»