У нас вы можете посмотреть бесплатно Bøkeskogen på Vollom i Alver или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
🍂🐜 Naturen gjennom born sine auge! 🐦🍂 Nordhordland er eit UNESCO-biosfæreområde med stort mangfald av naturtypar – frå fjord til fjell! I vår nye filmserie følgjer vi born på oppdagingsferd i naturen. Film nr. 2 tek oss til ein unik skog på Vollom i Alver kommune. Ha på lyd, og snurr film! 🍂Bøkeskogen på Vollom er den nordlegaste bøkeskogen i verda. Skogen er eit naturreservat som vernar biologisk mangfald og skal utvikle seg naturleg. Pollenanalyser har vist at det vaks bøk her for meir enn 1000 år sidan. Skogen kan ha etablert seg naturleg, men det er meir truleg at den er planta av menneske. 🚣Fun-fact: I Osebergskipet vart det nytta bøk i dei dekorerte fram- og bakstamnane. Ny forsking viser at bøka som vart nytta, truleg kom frå bøkeskogen på Vollom! ❓ Kven bur i bøkeskogen? Bøkeskogen slepp inn lite lys, så plantelivet er sparsomt, men kvitveis og gaukesyre lyser opp om våren. Sjølv om det er få plantar, er skogen full av liv! 🍄 Nedbrytarar som sopp, lav og insekt jobbar heile tida med å bryte ned daude tre og gje næring tilbake til skogen. ❓ Korleis går det med sporvefuglen i Bøkeskogen? Bøkeskogen er eit viktig habitat for sporvefuglen, som finn både hekkeplassar og mat her (insekt og nøtter). Etter forsking som er gjort mellom 1973 og i 2024 er det endringar i type fuglar som bur her, men alt i alt står det heldigvis godt til med sporvefuglen i Bøkeskogen på Vollom. Dei liker seg her! I naturen heng alt saman, og alle ledd er avhengig av kvarandre, økosystem kallast det. Insekt og sporvefugl er eit godt døme på dette. 💙 Bli med UT og sjå naturen gjennom borna sine auge! Oppdag dei fantastiske samanhengane i naturen – og kvifor vi må ta vare på han på ein god måte. Kjelder: Utstillinga Sirkulære Nordhordland, Statsforvaltaren i Vestland og Birdlife Norge Filmskapar: Ruben Soltvedt - Fotograf & Filmskaper