У нас вы можете посмотреть бесплатно Lørdag 2.5 2020: Riksscenen strømmer! Gammaldans fra Rudi Gard или скачать в максимальном доступном качестве, которое было загружено на ютуб. Для скачивания выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Tre timar med dansefest på nettet når Riksscenen inviterer til direktesendt gammaldans frå Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Kveldens meny er dei to kjende og anerkjende gruppene Halvraske Menn og Dølalæte, og i tillegg vert det solospel med Tom Willy Rustad og ei rekkje overraskingar. Øystein Rudi er sjølvsagt som vertskap og programleiar for å lose oss gjennom kvelden. Bak navnet «Halvraske Menn» gøymer det seg ein røynd kvartett med Roger Slåstuen (fele), Geir Marius Thorud (trekkspel), Kjartan Haugen Foss (gitar) og Henning Grindstuen (kontrabass), med andre ord godt kjende musikarar i gammaldansmiljøet. Sjølv om gjengen berre har eit par års fartstid som gruppe veit me likevel at her vert det servert dansemusikk frå øvste hylle. Dølalæte sto opp att i nyt form i 2012 og har etter det halde dansegolv langt utover Gudbrandsdalen gåande til langt på natt. Den delvis Oslo og Gudbrandsdalsbaserte gjengen består av Hans Sandum (fele), Eilev Øverbø (trekkspill), Terje Rusten (trekkspill), Gro Visdal (kontrabass) og Odd Nesje (gitar). Gruppa har fleire topplasseringar både på Landsfestival og Storefjellstreffen dei seiste åra. Multiinstrumentalist Tom Willy Rustad tek med seg noko av arsenalet sitt til Rudi Gard og spelar solo frå scenen i løpet av sendinga. Den viritouse musikeren som er leiar av folkemusikklinja på Vinstra har ei breidde i repertoar og instrument som få andre kan skilte med. At det vert strålande veit me, men kva han spelar på er det vel berre han sjølv som har nokonlunde kontroll på. Alt dette og meir vert levert direkte frå Rudi Gard heim til alle via Riksscenen Strømmer – god dans!