У нас вы можете посмотреть бесплатно Verdig vinnar av Gjendeprisvinnaren 2025 или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Verdig vinnar av Gjendeprisen 2025. Verdig vinnar av Gjendeprisen 2025. Roy Myrland 26. august 2025 0 Rediger dette –Det å glede andre er ei stor glede for meg. Du får mykje attende om du ofrar deg litt ekstra for andre, seier Kjell Helge Løkken (84) frå Vågå (biletet over). Han vart tildelt Gjendeprisen 2025 av Bernt Jo Vole (biletet under), under Gjendefestivalen. Kjell Helge er ein mann som heile livet har bidrege med omsorg, engasjement og skaparglede til både bygda si og dei rundt seg, ofte i det stille. Som lærar sette han djupe spor i generasjonar av unge, med varme, omtanke og ein urokkande vilje til å sjå kvar enkelt. Ved sida av yrkeslivet har han gjeve utallege timar til Vågå Røde Kors og hogd tusenvis av løypestikker som har halde folk trygge i fjellet. Han har dessutan løfta lokal matkultur gjennom keramikkarbeid som har funne vegen til borda hos mellom andre Arne Brimi, og i smia har han smidd beslag og detaljar som prydar Brimis Viavangen. I sitt 84. år er han framleis aktiv: med vedhogst, snikkararbeid og nye prosjekt – som å lage bilete til sjukeheimen i Vågå, slik at bebuarane kan kjenne seg att i si eiga bygd. Sjodalen står hjartet hans nær, både for naturen og for møta med menneska han treffer der. Kreativiteten til Kjell Helge er av det heilt unike slaget. Ho får utløp gjennom hendene hans – i tre, metall, leire og bilete. Saman med hans store engasjement og hjarte for andre, gjer dette han til ein særs verdig vinnar av Gjendeprisen. Ei fin kveldsstund i Sjodalen, etter vedhogst og snikkararbeid, møtte Roy Myrland i Langsvegen.no prisvinnaren til eit varmt og nært videoportrett.