У нас вы можете посмотреть бесплатно Staal - Vollheimen [OFFICIAL VIDEO - 4K HDR] или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
Møt mørket på "Daudens gard" gjennom Staal sin nye singel "Vollheimen" - ei intens musikalsk reise inn i ei av Noregs mest berykta kriminalsaker. "Vollheimen" er inspirert av dei grufulle hendingane ved Vollheim gard i Søndre Land, også kjent som "Dødens gard" - åstaden for to overlagte drap som rysta Noreg på 2000-talet. Gjennom hardtslåande rytmar, industrielle lydlandskap og mørke, nynorske tekstar, får du verte med på ei klaustrofobisk reise til ein stad der eimen frå brønnen varslar om noko langt meir illevarslande enn det idylliske gardslandskapet tilseier. Staal: Industrial metal på Nynorsk Staal starta som eit sideprosjekt for medlemmar av Rammsund (Rammstein på nynorsk), men har utvikla ei heilt eiga identitet, der norsk kulturarv møter moderne industrial metal. Med mørk humor og inspirasjon frå Nine Inch Nails, Aphex Twin, Rammstein og Rob Zombie m.fl., har trioen etablert seg med ein distinkt lyd i det norske metallandskapet. Bandet består av: Geir Gråbein Nordby: vokal Nikolai Løvstad: gitar, bass og programmering Thomas Nordgaard Berg: trommer Tilgjengelegheit "Vollheimen" er tilgjengeleg no, på alle strøymetenester. Lytt og bli dratt ned i djupet. Miksing og trommeproduksjon: Thomas Berdal Audio Mastering: George Tanderø Sosiale medium: @staalband (Facebook / Instagram)