У нас вы можете посмотреть бесплатно Stølskultur или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
I denne filmen forklarar Olav Krokgilja Stølen, professor i plantekultur, bakgrunnen for at det i landbruket var stølsdrift. Korleis gjekk buforinga føre seg? Kva er ei budeie / budeiedalt? Korleis var arbeidsdagen? Kva vart produsert på stølen? Vi møter også leiaren i Luster turlag, Oddstein Haugen, som har visjonar for ei utvikling der stølen blir sentral i eit framtidig friluftsliv. Stølane og stølsdrifta har ei lang historie og tradisjon i norsk landbruk. Med lite dyrka jord nede i bygda var det heilt naudsynt å utnytta beite-ressursane i fjellet, og ofte var det stølsdrifta og produkta derifrå som gav beste inntekta og livsgrunnlag. Det var på stølane husdyra verkeleg skulle legge på seg og gje både kjøt og mjølk. Stølsdrifta har eksistert så lenge nordmenn har vore bufaste og hatt husdyr. Bygningane på stølen er mellom dei eldste bygningane me har i bygdene våre. Sjølv om flesteparten av dei var enkle konstruksjonar som i dag er borte finst det og mange stølshus og stølsmiljø som er vel verdt å ta vare på. Utfordringa er å gje desse bygningane nytt liv og kanskje også nytt innhald, samtidig som me tek vare på den historiske arven og kvaliteten. Stølane er såleis både ein del av landbrukshistoria, kulturhistoria og representerar i dag også ein ressurs som den moderne, allsidige bonden kan utnytte til reiseliv og opplevingar. 00:00 - Innleing av kultursjef Erling Bjørnetun 01:20 - Olav Krokgilja Stølen fortel om sin bakgrunn 03:11 - Kva er ein støl? 03:47 - Lokalisering av stølen 10:32 - Buforing - vegen til og frå stølen 14:10 - Kulturmiljøet og møteplassen - bygningar 29:49 - Stølen i eit framtidsperspektiv