У нас вы можете посмотреть бесплатно Noreg i dans og spel: 30. Nord-Trøndelag - Verdal или скачать в максимальном доступном качестве, видео которое было загружено на ютуб. Для загрузки выберите вариант из формы ниже:
Если кнопки скачивания не
загрузились
НАЖМИТЕ ЗДЕСЬ или обновите страницу
Если возникают проблемы со скачиванием видео, пожалуйста напишите в поддержку по адресу внизу
страницы.
Спасибо за использование сервиса ClipSaver.ru
30. Nord Trøndelag - Verdal Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994. Maj Britt Slapgaard Larsen og Geir Egil Larsen dansar pols. Einar Olav Larsen spelar fele. Slått: Leirhaugpolsen. Om dansen Danseforma finst som type i både i Sør- og Nord-Trøndelag, somme stader vart ho kalla trondhjæmspols etter gammalt, og i dag brukar vi nemninga trønderpols. Varianten her, som er frå Verdalen har to hovuddelar; vendingsdel og samdansdel, med berre eitt motiv i kvar del. Vendingsdelen er utan snuingar under armane, gut og jente dansar side om side framover. Samdansdelen har runddanssnu, anten synkron eller asynkron eitaktssnu. Ei like vanleg form av dansen har eit motiv på staden med steg frå side til side mellom eitaktssnu og framdansinga. Stega i vendingsdelen er tretrinnssteg med samling av føtene på 2. taktslaget. I samdansdelen brukar både gut og jente totrinnssteg. Om musikken Einar Olav Larsen har lært slåtten frå ei noteoppskrift etter fiolspellmannen Petter Leirhaug (1888 -1982) frå Røsgrenda i Helgådalen, Verdalen. Felestillet er g-bas, g-d-a-e.